GRAVMONUMENT 

Gravsteinutstilling i Sjøgata 5 i Ulsteinvik.


Du har mykje å velge mellom når du skal finne gravstein til noken som stod deg nær . 

Det er mulig å få nesten akkurat det du vil. I både farge, utforming og skrift. 

                      Vi har gravsteinutstilling i lokalet vårt i Sjøgata. Elles har vi katalogar der du kan sjå mange flotte variantar. Og har du ein god idè sjølv så tek dei flinke handverkarane gjerne ei utfordring. 

Kanskje er det noke spesielt du tenker hadde passa?

Våre samarbeidspartnarar i Kjøl Stenindustri AS har mange års erfaring og leverer kun monument av dei beste råvarene , slik at du er garantert å få eit varig gravminne. Dei ordnar med frakt til gravstedet og ser til at det blir forskriftmessig satt opp. 

Vi samarbeidar også med Møre Monumentservice AS. Dei har god erfaring innen skrifthugging og oppussing av gravminner. Dei er oppdaterte og har det nyaste utstyret innan sandblåsing og databehandling, for å sikre eit godt resultat. Dei køyrer rundt i fullt utstyrte bilar og ordnar oppdraga enten på gravstedet eller i sine lokaler i Elnesvågen. 



Her er nokre av gravsteinane som er utstilt i Sjøgata i Ulsteinvik. Ta gjerne kontakt om du vil kome å sjå. 

Dei fleste lykter/vaser/fuglar i utstillinga er lause, så vi kan bytte dei ut for å sjå forskjellige kombinasjonar. Utstillinga er frå Kjøl Stenindustri AS.