Dødsfall og gravferd

Det er mykje ein må ta stilling til og mange val ein må ta etter eit dødsfall.
Nokre gongar har ein hatt tid til å snakke om det, andre gongar
kjem dødsfallet brått. 

Vi vil hjelpe dokke og ivareta dei ynskjer dokke som pårørande har. 
Etter dokke har tatt kontakt med oss, vil vi møtast for ein liten samtale.
Denne kan vi ha heime hos dokke eller vi kan møtast på eit av samtaleromma våre. Etter gravferdslova skal gravferda finne stad innan 10 virkedagar etter dødsfallet. Ein kan ved spesielle tilfeller få utsetting. 

I samtalen vil vi mellom anna snakke om begravelse/kremasjon, gravsted, dødsannonse, musikk og andre innslag under seremonien, salmar/sanghefter, melding om dødsfallet og blomster. Presten vil også ta kontakt med dokke for å avtale  tidspunkt for samtale.

Kanskje har dokke ei familiegrav som skal nyttast, eller det skal opprettast ei ny. Vi tek kontakt med det aktuelle kyrkjekontoret for å avtale.

Dei fleste ynskjer ei dødsannonse i ei eller fleire aviser, men ikkje alle. Dette er opp til kvar enkelt. Vi er behjelpelig med å sette opp og sende inn annonser for dei som ynskjer det.
I tillegg samarbeidar vi med eit lokalt trykkeri, som lagar fine sanghefter til seremonien. Desse kan trykkast med eller utan bilete og på forskjellige typar papir.

Vi ordnar gjerne med blomster til gravferda og har mykje erfaring innan sorgbinderi. Vi  lagar alle typar binderi etter dykkar ynskje.  


Dersom dokke ynskjer solist eller anna musikar til å synge/spele i gravferda,  har vi fleire å anbefale. Spør oss gjerne! 


————————————


KVEN TEK SEG AV GRAVFERDA?
Dersom det ikkje føreligg ei skriftleg erklæring frå avdøde om kven som skal sørge for gravferda, har avdøde sine nærmeste etterlatte over 18 år rett til dette i følgande rekkefølge: ektefelle, born, foreldre, borneborn, besteforeldre, syskjen, syskjen sine born og foreldre sine syskjen.
Å sørge for gravferda inneber å ta ansvar for alle spørsmål knytt til gravferd/bisetting. Ein bør respektere avdøde sin religion og livssyn. 
Gravferdslova er tilgjengeleg på:
www.lovdata.no

Kven gjer kva?
Etter eit dødsfall er det vanleg at dei pårørande henvender seg til eit gravferdsbyrå som er behjelpeleg med dei fleste praktiske gjeremål. Det er likevel ikkje noke i vegen for at ein tek hand om ein eller fleire av oppgåvene sjølv. Nokon ynskjer å gjere mest mogleg sjølv i forebuingar til gravferda. Andre vil overlate mest mogleg av den praktiske tilrettelegginga til byrået. Det er viktig å tenke over kva ein vil at andre skal ordne, og kva ein vil gjere sjølv.